I det store og heile er politikken som har vore meisla ut i EU gjennom dei seinaste åra god. Målet er å gå vekk frå ein lineær økonomi - frå bruk-og-kast, til ein kretsløpskonomi, der ressursane vert tekne vare på.
Prosessen framover vil involvera politikarne i Europaparlamentet. Både dei, og innspela frå meiningsberarar, vil danne grunnlaget for den endelege politikken som EU vil arbeide etter i lang tid framover. Når vedtaka i EU er fatta skal det vurderast om desse er EØS-relevante, noko dei truleg er, og dermed skal politikken inn i norsk lovverk.
Her er hovudpunkta i KS Bedrift sitt høyringssvar om kretsløpøkonomien i EU:
- Europa må minske mengdene avfall til deponi
- Satsing på øko-design vil forplikte og involvere både produsentar og forbrukarar
- Vi treng å vite kva vi skal måle og korleis det skal målast. Vi støttar forslaget om å gje rom for nasjonale variasjonar for metodikk sidan slikt kan variere med befolkningstettleik, transportavstandar m.m.
- Det er ein mangel ved forslaget at måla er i tonn og volum, og ikkje i ressurseffektivitet
- Minimumskriteria til produsentansvaret er ei god veiledning for å utvikle velfungerande ordningar
- Vi saknar at produsentansvaret omfatter alt avfall, også når det kjem på avvegar
- Dei nye måla og andre tiltak bør gjelde alt avfall, ikkje berre kommunalt avfall, om vi verkeleg skal sjå endringar