IMG_2155.jpg
Muntlig spørretime i Stortinget 10. oktober. Stortingsrepresentant Tore Storehaug ved talerstolen. Statsminister Erna Solberg nederst med ryggen til.
Gjestekommentar av Tore Storehaug (KrF):

Regjeringa skuffar om rettferdig nettleige

Energi

Eit samla storting bad regjeringa komme med ei eiga sak om korleis nettleiga kan bli meir rettferdig. Svaret i statsbudsjettet var gjenbruk av kjente argument frå 2010 og 2014 og ingen forslag til endring. Eit samla storting har sagt kva vi vil ha, og det er ikkje det vi har fått.

Det er skuffande å oppleva at regjeringa ikkje fyljer dette opp. For eit år sidan fremja KrF eit representantforslag i Stortinget som tok til orde for ei meir rettferdig nettleige og jobba hardt for dette gjennomslaget. 8. mars stilte eit samla storting seg bak, der alle parti anerkjente at dagens løysing slår ut feil, særleg i kraftproduserande område.

Prisforskjellane er i dag store, og i særskilte områder på  Vestlandet og i Midt- og Nord-Noreg betalast det nettleige som er betydeleg over snittet i landet.  Rettferdig nettleige ville ikkje gitt eit stort påslag for dei som betalar minst, men vil bety mykje for dei som betalar mest.

Koplinga effektivitet mot nettleige som regjeringa bruker blir  motvist av NVE sine eigne tal: Nord-Salten har ein effektivitet på 110 prosent, men nettleige på 64,23 øre/kWh, godt over snittet. I statsbudsjettet innrømmer og NVE at det er mulig å sikre kostnadseffektivitet med ei lik nettleige, men at «dette er ei svært omfattande og krevjande oppgåve».

NVE seier at det kan vært naudsynt med endringar i regelverket for å sikra kostnadseffektiv drift ved utjamna nettleige. Det er ikkje eit argument mot rettferdig nettleige.  Då få vi gjere desse endringane og sikre eit meir rettferdig system.

KrF meiner dette ikkje er svaret på bestillinga vi har gitt. Stortingets bestilling var ulike modellar for korleis dette skulle gjerast, ikkje regjeringas argument for ikkje å gjere dette. Det er eit fleirtal på Stortinget som er einige med KrF om at dette er noko som må ryddast opp i.