Over store delar av landet betaler nettkundar fleire tusen kroner meir i nettleige i året enn der den er lågast. For bedriftene kan det vere snakk om fleire hundre tusen kroner meir enn om dei hadde vore etablert i eit lågprisområde.
Noko av grunnen til ulike nettleiger er topografiske forskjellar og tal kundar per meter nett. Om nettleiga skal vere heilt lik i heile landet er derfor eit politisk spørsmål.
Der krafta produserast
Sjølv har vi forståing for dei som meiner det er paradoksalt at krafta, som jo i stor grad blir produsert i desse områda med fjell og fjordar, og med naturlegvis færre kundar enn i dei store byane, skal vere dyrast å transportere for dei som bur der.
Men det er ekstrakostnaden som kundane i fornybarområda må betale for transporten av ny vass- og vindkraft som er den største systemfeilen. Fornybarsatsinga, og verdiskapinga den gir, er viktig for heile Noreg.
Likevel sit mange av nettkundane våre bokstavleg talt nokre steinkast unna kraftverka og betaler mykje meir for å få frakta straumen, enn kundar som sit hundrevis av kilometer unna dei områda der det meste av produksjonen skjer.
Ikkje berre betalar dei meir på grunn av utfordrande geografi og talet kundar, dei betalar ekstra mykje fordi dei bur der krafta blir produsert. Det er ikkje rart dei er opprørte, og som netteigar deler vi frustrasjonen.
Det er freistande å spørje litt retorisk: Ville det vore rimeleg at nordlendingane betalte meir for trailerane som går sørover med fisk, enn vi som faktisk sit her i sør og spør etter den?
Nettleiga er urettferdig
At nettleiga er urettferdig fordelt har heldigvis fått si fortente merksemd dei seinaste åra. Etter representantforslag frå KrF gjorde Stortinget derfor følgande vedtak våren 2018: «Stortinget ber regjeringen utrede ulike modeller for utjevning av nettariffene i Norge og komme tilbake til Stortinget med dette som egen sak høsten 2018».
I haust kom tilbakemeldinga, men utan modellar for utjamning, og med misvisande informasjon om samanhengen mellom fornybarinvesteringar og nivået på nettleiga i fornybarområda.
Vi kan bestemt tilbakevise at meir fornybar kraftproduksjon ikkje har bidrege til høgare nettleige. Åleine har Sogn og Fjordane Energi Nett investert rundt 800 millionar kroner dei seinaste ti åra i nett der ny produksjon har vore utløysande årsak. Dette er investeringar som heilt eller delvis må finansierast gjennom nettleiga til dei lokale nettkundane.
Kritikarane til utjamning meiner nettselskapa sine incentiv til å redusere kostnadane blir reduserte, og at det hindrar effektive selskap. Det er det ingen grunn til. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si regulering av inntektsramma er den største drivaren for effektiv drift, og slik bør det framleis vere.
Fleire modellar å velja mellom
Det er fullt mogleg å jamne ut nettleiga på ein enkel og ubyråkratisk måte, med like strenge krav til effektiv drift. Både vi og andre har spelt over fleire alternative modellar til Storting, regjering og fagmyndigheiter. Vi hadde håpa at regjeringa, på bestilling frå Stortinget, gjorde ei reell og grundig vurdering av alternativa.
Enkelte politikarar og nokre av dei største nettselskapa ser på forskjellar i nettleiga som brekkstong for å få gjennomført fusjonar. Vi trur fusjonar både bør og vil kome, og mange av oss er i fusjonssamtalar for tida. Men dersom fusjonar skal jamne ut nettleiga nasjonalt må vi ned i ei handfull tal selskap, som alle inkluderer store byområde, for å få flest mogleg kundar per meter nett.
Er fusjonar svaret?
Vegen dit vil krevje sterk statleg overstyring og tvangssamanslåingar. Det er heller ingen garanti for at ein slik struktur driv nettet meir effektivt samla sett. I dag finst det både små selskap som driv effektivt og store som ikkje gjer det. Vi har til og med døme på at ulik nettleige kan stå i vegen for fusjonar som elles er fornuftige.
Fusjonar må først og fremst vere motiverte av det som gir størst synergiar for drift og utvikling av nettet, og for beredskapen. Sjølv om effekten på nettleiga for eit selskap i for eksempel Sogn og Fjordane eller Nordland ville vere størst om det slo seg saman med Hafslund frå Oslo, så vil utvilsamt fusjonar med andre selskap framkalle dei største synergiane.
Kundane fortener ikkje dei store forskjellane i nettleige, og for næringslivet er det konkurransevridande. Det er enkle og realistiske måtar å løyse dette på, med like strenge krav til effektivitet. Men det må vere politisk vilje til å løyse problemet. I regjeringsforhandlingane bør KrF bruke si makt og sikre ei rettferdig nettleige for alle.